Drapskvinna
Forfatter: Alexandros Papadiamantis
I denne forteljinga møter vi gamle Hadoula, eller Frangoyannou, ei bitter kvinne og eit offer for dei sosiale tilhøva som ramma kvinner i Hellas på den tida, og som framleis gjer det i mange land og kulturar.
Romanens bodskap om kvinneundertrykking er på mange vis universell og framleis aktuell mange stader i verda. Brotsverka til Hadoula er grunngitt med ei slags misforstått medkjensle, inspirert av eit edelt mål om å hindra liding og uverdig liv i trældom.